Bellingen

Etter at Ole Magnussen rundt 1891 hadde kjøpt Korsanhuset og flytta det ut på Sjøholtstranda, kom det opp eit lite, torvtekt hus på tomta. Det var Bellingen. Det er ingen i dag som kan fortelle kva dette namnet kjem av.

Ved folketellinga i 1900 finn vi at det er Petrine Andreasdatter Søholt som bur her. Ho var enke etter Lars Pedersen Søholt (Pe-Lars). Om Petrine står det at ho var "Husejer - holder logihus - udsalg af mad og kaffe - har tumt paa husmands vilkaar". Ho hadde også ei tenestejente, Margit Olsdtr. Kjersem frå Tresfjorden. Petrine gjekk under namnet "Bellingfrua".

Her har vi kome litt ut på 1900-talet. Bakar Larsen har sett opp eit uthus ved huset sitt, og på Flindtbuda har det kome eit tilbygg med ein høg skorstein. Det var ein Bjørhovde som dreiv butikken, og han hadde bakeri i tilbygget.
Det ser ut til at Bellingen har blitt påbygt litt på høgda, - i alle fall har det blitt fleire vindauge på gavlveggen. Det var nokre år etter hundreårsskiftet at Peder og Elise Bjermeland overtok huset. Dei hadde 4 born, og Bellingfrua heldt fram å bu her,og drive sin vesle kafé. men det var plass til alle. I 1914 fekk Petrine sett opp eit lite skur ute på gamlekaia der ho dreiv kaféen sin. Ho hadde no måtta ta av ein fot ved kneet, men kvar dag gjekk ho fjøra ut til kaia. Ho hadde ikkje protese, men ho hadde med seg ein kjøkkenstol som ho sette under kneet, og flytta med seg skritt for skritt.

Bellingen vart etter kvart eit stilig bygg; - her fotografert ein flaggdag tidleg på 1900-talet. Endelykta til huset kan du sjå under Larsenhuset


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskoghistorielag.org