Lånagarden

Det eldste bildet vi har av Lånagarden.  

 
Kanskje det såg slik ut?

Dette bildet er teke frå aust. Litt til venstre for midten ser vi det toetasjes huset som låg der hotellet ligg no. Eigaren av Lånagarden tidleg på 1800-talet var Major Alexander Lind,"chef for Ørskougske kompagni af Nordfjordske nationale Musketeercorps under Bergenske Infanteribrigade" (og "ridder af Sværdordenen"?). Han bygde dette huset i 1829. Aberet var at det låg på Wensell sin grunn. Wensell saksøkte Lind, og Lind vart dømt til å flytte huset innan tre år. Men før dei tre åra var gått, døydde Lind, og huset vart ståande. Det vart seinare brukt til skysstasjon og gjestgiveri.

Då Andreas og Marte Rasmussen vart eigarar av Lånagarden, bygde dei både nytt hotell (som vi ser litt av til venstre) og nytt bustadhus. Alle dei bygningane vi ser her gjekk opp i flammar nyårsnatta 1901.


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskoghistorielag.org