Larsenhuset

Ole Martinus Larsen Akslen frå Emblem kom hit til Sjøholt og byrja med bakarverksemd. Han vart gift med Karen Marie Petersdatter Giskemo i 1885, og omlag på same tida reknar vi med at dette huset (mellom Korsanhuset og Åvoll) vart bygt.

Frå nordsida såg huset slik ut. Skiltet over døra har kringla som viser at her er det bakeri, og under står det M. Larsen. Akslen-namnet har han kutta ut. (Legg elles merke til den fine kvelvingsbrua!)

Dette bildet er teke i 1950. Gamle Larsen er død, og det er sonen, Ludvig som bur her. Han vart kalla "Bakar-Ludvik", men baking dreiv han aldri med. Ludvik var ugift, så kven som eig leikebilen og trehjulssykkelen er uvisst.

Ein vinterdag i 1989 kom "sannhetens øyeblikk" for Larsenhuset. Det enda som pinneved saman med Bellingen og uthuset.


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskoghistorielag.org