Wensellhuset

I 1819 kom det den unge Lauritz Holthe Wensell (21 år) frå Bergen til bygda og kjøpte garden til Oberstløytnant Wisløff. Han gjekk straks i gang med handelsverksemd. Han bygde seg eit større hus med eit tilbygg for butikk. Pakkhuset hans ser vi mellom nausta nede ved sjøen.

Her er huset hans fotografert i 1880-åra. Wensell var også postopnar frå 1829 og til brorsonen med same namn tok over i 1851. Etter at denne brorsonen kom, vart "vår mann" kalla Lauritz Wensell senior. Kona hans heitte Jeanette Berntine, og var frå Trondheim. Dei var barnlause.

Wensell døydde i 1892, 94 år gammal, og då den nye distriktslegen Hans Holst kom i 1894, tok han over huset. Det vart ombygt og påbygt, og fekk denne særmerkte spisse arka.

Den siste eigaren av huset var Gude Smith Nilsen. Det brann ned ein gong i 1970-åra.

Huset litt nedanfor midten på bildet er bygt på tomta etter Wensellhuset.

 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskoghistorielag.org