Framside ]  [ Andre oppgåver ] 

Malmbana

I 1870-åra var det ei prøvedrift etter jernmalm i Liafjellet. Det engelske selskapet som sto føre dette, hadde nok voner om større drift, for dei bygde to kabelbaner opp til gruveinnslaga. Banene var laga slik at tyngda av den fulle vogna drog den tomme opp att.Nedste delen av banene hadde berre eitt spor, men frå midten og opp til opplastingsområdet var det to spor.Den øvste bana var bygd i forlenging av den nedste. Grunnen til at det var to baner, var at på eit visst punkt vinkla traseen ganske mykje, samtidig som det vart større stigning. I dette møtepunktet mellom banene er det laga til ein "stasjon" for omlasting. Banene er borte, men ein del av traseen er synleg, samt murane etter eit krutlager. Begge kabelhjula og fundamenta er også delvis intakte.
Historielaget har rydda banetraseen for skog, så no kan han fint nyttast til turveg, og det lettar tilkomsten til gruvene. Det er også laga ei trapp frå vegen og opp mot steingarden der restane av bana blir synleg.
Vidare har vi planar om skilting av dette kulturminnet.


Kabelhjulet til nedste bane
 
Bana gjekk på ei bru over vegen
vest for huset til van Kervel



Øvste bane slik ho såg ut i 1880-åra,etter at drifta var nedlagd



Prinsippskisse over ei liknande bane

Bana er innteikna på utskiftningskartet for Sjøholtstranda

meir om gruvene



 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskoghistorielag.org