Framside ]  [ Aktivitetar ] 

Kulturminnedagar

Søndag 11.september 2011 var det kulturminnedag. I år var temaet "Skjulte skattar. Spor i landskapet". I Ørskog vart kulturminnedagen i år som fleire tidlegare år slått saman med Postvegmarsjen. Og Postvegen sjølv vart då det naturlege "spor i landskapet" som var tema for kulturminnedagen.

Her ser vi nokre bilde frå dagen:

Det var høg flo då Postvegmarsjen starta. Postvòren på Amdam var nesten overflødd.
Då han vart bygd i 1831, sto han nok fram i ein betre skikkelse, og sikra ei trygg
ilandstiging for postkarlen.

Postvegen sjølv er eit spor i landskapet.

Her er nokre marsjdeltakarar på veg opp den bratte kneika frå Amdasfjøra.


Tema for kulturminnedagen dei siste åra har vore:

2011Skjulte skattar. Spor i landskapet.
2010Nytt liv i gamle minne.
2009Vatn - "Dagleglivets kulturminne"
2008Mangfaldig fritid.
2007"Til glede og bry" Forsamlingshus, ungdomshus og bedehus.
2006Stader for innkomst og avreise
2005Frå slegge til mus - forandringens hundreår 1905 - 2005
2004Frå fiskehjell og stabbur til dekt bord
2003Vår medisinske kulturarv
2002Da klokka klang; - skulen - bygningen - kunnskapen
2001Tradisjonar i tre
2000Kommunikasjon
1999Arven frå Europa
1998Gamle handverk i ny tid
1997Kulturminneåret

Postvegmarsjen har ei eiga side som du finn under "Aktivitetar", men sidan du er her no, kan du ta snarvegen over denne lenka:Postvegmarsjen



 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskoghistorielag.org