LOV FOR ØRSKOG HISTORIELAG
§1
Ørskog Historielag har til føremål å ta vare på kunnskapen om fortida til dei bygdene som
ligg i Ørskog kommune, og arbeide for at folk kan få del i denne kunnskapen.
§2
Laget er medlem av Sunnmøre Historielag.
§3
Alle kan bli medlem av historielaget mot å betale den årskontigent som årsmøtet fastset.
§4
Laget skal ha eit styre på 5 medlemer valde av årsmøtet for 2 år om gongen, og 3
varamedlemer valde for l år om gongen. Første året går 2 av medlemene ut etter
loddtrekning. Mellom styremedlemene vel årsmøtet formann for l år. Styret vel sjølv
nestformann, skrivar og kasserar.
§5
Laget skal ha 2 revisorar, og ei valnemnd på 3 medlemer. Årsmøtet vel desse kvart år.
§6
Årsmøtet er laget sitt høgste organ. Det vert halde ein gong om året innan utgangen av mars. Innkallinga skal kunngjerast minst 8 dagar før møtet. Årsmøtet drøftar styret si melding og arbeidsplan komande år. Det handsamar den reviderte rekneskapen og føretek dei lovfesta val.
§7
Det skal førast møtebok både for styremøta og årsmøta.
§8
Denne lova kan endrast av årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei som møter. For at laget skal bli oppløyst, må 2/3 av medlemene røyste for det. Dei midlane som laget rår over, skal då nyttast innafor arbeidsføremålet til laget. Ei nemnd vald av årsmøtet administrerer dette til nytt historielag er skipa. |
Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære. Innhald: Tore P. Gjære |
Kontaktadresse historielaget: post@orskoghistorielag.org |