Framside ] 
Styre og nemnder ]  [ Lov ] 

Om laget

Ørskog Historielag vart stifta i 1985 med føremål "å ta vare på kunnskapen om fortida til dei bygdene som ligg i gamle Ørskog kommune, og arbeide for at folk kan få del i denne kunnskapen".

Frå den spede byrjinga i 1985, (6 personar på skipingsmøtet) har laget vakse, slik at det no har ca. 340 medlemer.

Historielaget har eit eige lagshus, Paktarhuset på Ørskog Prestegard, som vi fekk overta frå Ørskog Kommune i 1995. Dette er sett i stand utvendig, og vidare vedlikehaldsarbeid er i gang.

Laget har sidan starten

Til å ta seg av den praktiske gjennomføringa av dei ulike prosjekta, har laget nokre nemnder:

  • Skriftnemnd
  • Teknisk utval
  • Paktarhusnemnd
  • Postvegnemnd
  • Fotoregistreringsnemnd
  • Kalendernemnd

Når det er trong for det, blir det oppnemnt eigne grupper for å arbeide med spesielle prosjekt.

Av dei oppgåvene laget arbeider med no, kan nemnast:

  • Drift av kvernhuset i Wensellelva
  • Vidare restaurering av "Den Trondhjemske Postvei"
  • Nytt system for registrering av innkomne gjenstandar og bøker
  • Ta del i utarbeiding av kulturminneplan for Ørskog
  • Oppdatering av Ættesoga for Ørskog

Historielaget har 6 medlemsmøte for året (kveldseter). Her tek vi opp ulike lokalhistoriske emne. Desse kveldsetene er opne for alle interesserte.

Laget skipar også til ei eller fleire bygdevandringar for året.

Har du lyst til å bli medlem? Du kan melde deg inn på e-post. Årskontingenten for 2023: kr 350.For 2024: kr 400.


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskoghistorielag.org