Ryehuset

I 1860-åra vart det bygt eit hus tett ved vegen omlag i bytegarden mellom Lid og Sjøholt.
 
Her er huset ferdig. Det var Johan Rye og kona Annike som bygde, og bakken forbi huset vert kalla Ryebakken den dag i dag.

Huset låg rett ned for Jørnbakken, men så vidt innanfor Wensellgarden sine grenser.

Det knyter seg ei spesiell historie til Johan Rye. Han var fødd i Bergen i 1800. Faren var "høker og krovert" Martinus Rye, men han vart tidleg sinnsjuk og hamna i "Dårekisten".14 år gamal kom Johan i gullsmedlære hos Jens Greve, der han seinare fekk sveinebrev. Han arbeidde så for gullsmed Hagelien i 7 år før han i 1827 reiste til Sunnmøre. Her var han fyrst i Volda,- så drog han vidare til Sykkylven og Stranda før han i 1829 kom til Ørskog. Her oppheldt han seg fyrst i Vaksvika, og så tok han inn hos husmannen på Haukåsen, Nils Knutsen. Heile tida dreiv han med gullsmedarbeid, og hadde oppdrag for minst 15 ørskogbygdarar.

Rye var nok klar over at han braut tre av den tids strenge lover: Han var lausgjengar (hadde ikkje fast arbeid), han var omstreifar (utan fast bustad) og han arbeidde som gullsmed utanfor byen. Men førebels var det ingen som hadd gjort noko med det. Men så vart han glad i dottera til husverten sin, Annike, og då det kom ut at ho var med barn, troppa stotarkongen Sjur Sjøholtstrand opp for å ta seg av framandkaren.

Her er eit litt seinare bilde av huset.

Saka mot Rye kom opp 24.august 1831, og han vart dømt til tukthus i 2 1/2 år. Han fekk reiskapane sine inndregne, og måtte betale 3 spd og 24 skilling til Bergen gullsmedlaug. Så gjekk turen til Bergen og tukthuset der. Men i 1833 kom han attende til Ørskog og gifta seg med Annike. Han fekk ikkje drive som gullsmed, men måtte livnære seg som skomakar. Det var nok eit tap for bygda, for han var kjend for å gjere fint arbeid; - spesielt var han flink til å lage tomlingar.
Då Sjur Sjøholtstrand slutta som stotarkonge, fekk Rye ta over dette ombodet, og for ein tidlegare tukthusfange betydde dette ei sosial godkjenning.

(kjelde: "Gullsmeden i gamle dagar - verk og virke på Sunnmøre i laugstida" av Bjørn Jonson Dale.)



Johan Rye døydde i 1880, men sonen Karl Johan gjekk i faren sine fotefar som skomakar. Han levde til 1915.

Huset sto til ut på 1950-talet då Knut Egge kjøpte det og sette det opp som hytte ved Mevatnet der det enno står.


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskoghistorielag.org